Lookbook Vår/Sommar 2014

Vossatassar er klede som lokkar born i alderen 0-7 år til leik og aktivitet.

Rikke og Romle

Dei mest sentrale tassane heiter Rikke og Romle. Rikke er oransje og har pæreform og gripeøyre. Ho er den einaste i landet som kan høyre graset plystre. Romle er ein grøn og gladlynt kar som et alt i frå luftmedaljongar til kanonkuler.

Les meir om oss

Uffe

Den litt godtruande og dumsnille i flokken. Han har auga på stilk og hjernen på sparebluss. Det hender han ser seg sjølv djupt inn i auga for å prøve å gjette seg til kva han sjølv tenkjer.

Les meir om oss

Redderik

Høgast av dei alle, men også reddast. Han er veldig redd for alle ting som er veldig små, og han er endå reddare for alle ting som er store, men også ganske redd for alle dei tinga som er mellom desse ytterpunkta.

Les meir om oss

Vossatassar gler seg til å gå ein morosam vår og sommar i møte saman med deg!

Denne kolleksjonen er designa for barn i leik. For barn som hoppar i sølepytter og klatrar i tre om våren. Som badar, byggjer sandslott og herjar i strandkanten om sommaren. Og med årets kule UV-badetøy treng ein heller ikkje bekymra seg for at barna vert brent av sola.

Ponk

Ho er snill som dagen er lang, og dette er jamvel om dagen i Landet mellom natt og dag er mykje, mykje lengre enn dei dagane me er vane med.

Les meir om oss

Vissvass Von Voss

I Hengehavet lever sjøormen Vissvass von Voss. Han ser ofte ut slik ein sjøorm skal gjere, men når han stikk hovudet over vassflata, får ein seg ei overrasking.

Les meir om oss