Lookbook Haust/Vinter 2013

Vossatassar er klede som lokkar born i alderen 0-7 år til leik og aktivitet.

Rikke og Romle

Dei mest sentrale tassane heiter Rikke og Romle. Rikke er oransje og har pæreform og gripeøyre. Ho er den einaste i landet som kan høyre graset plystre. Romle er ein grøn og gladlynt kar som et alt i frå luftmedaljongar til kanonkuler.

Les meir om oss

Uffe

Den litt godtruande og dumsnille i flokken. Han har auga på stilk og hjernen på sparebluss. Det hender han ser seg sjølv djupt inn i auga for å prøve å gjette seg til kva han sjølv tenkjer.

Les meir om oss

Redderik

Høgast av dei alle, men også reddast. Han er veldig redd for alle ting som er veldig små, og han er endå reddare for alle ting som er store, men også ganske redd for alle dei tinga som er mellom desse ytterpunkta.

Les meir om oss

Vossatassar fortset på fargeferda og inviterer deg til å gå ein fargerik haust i møte!

Sesongens kolleksjon ber preg av leikne, geometriske mønster, og du møter Ponk - vossatassen som er like snill som dagen er lang.

Monsterulla, den populære ullundertøyserien er framleis med, samt gode herjekle og yttertøy som innbyr til uteleik.

Ponk

Ho er snill som dagen er lang, og dette er jamvel om dagen i Landet mellom natt og dag er mykje, mykje lengre enn dei dagane me er vane med.

Les meir om oss

Vissvass Von Voss

I Hengehavet lever sjøormen Vissvass von Voss. Han ser ofte ut slik ein sjøorm skal gjere, men når han stikk hovudet over vassflata, får ein seg ei overrasking.

Les meir om oss