Klede for born med leik som livsstil

Om Vossatassar

Vossatassar er klede som lokkar born i alderen 0 til 7 år til leik og aktivitet. Desse kleda skal tåle ein trøkk eller ti. Og i motsetnad til småbornsforeldre har dei ikkje vondt av ein tur i vaskemaskina.

Vossatassar ynskjer å ta avstand frå ein stadig aukande kjønnsdeling innan barneklede. Her finn du korkje prinsesser eller sjørøvarar, tyll og tiara eller dødningshovud. Me ynskjer å skape eit slags unisex-univers for born av begge kjønn, der fyverkeri av fargar, mønster og fantasi spelar ein viktig rolle.

Vossatassar er for alle rakkarungar, rabbagastar, snørrungar, moroklumpar, masekråker, bråkmakarar, stillesitjarar, buddies, bestevener, grublarar og snublarar.

Vossatassar er klede for born med leik som livsstil. Leiken er eit språk alle born skjønar. Me prøver å lage fargerike klede som talar borna sitt språk.  Fargerike. Praktiske. Morosame. Born skal få vere born – Med sunne verdiar gjennom leik, aktivitet og fantasi.

Aktive born er sunne born – Vossatassar lagar klede som borna kan hoppe og sprette i, springe og dette i.

Klatre i tre. Grave i sand. Bade i snø. Hoppe i slott. Plaske i vatn. Springe berrføtt. Bygge snømann. Ake på eit brett. Bake på eit brett. Stå på ski. Falle i staver.

Fantasi er fantastisk

Born lever i si eiga verd. I tillegg til den dei deler med oss vaksne. Opp er ned og hit er dit.  Vossatassar har òg si eiga fantasiverd, Landet mellom natt og dag, som berre er synleg for born. Her bur rare karakterar og gøyale tassar. Frodige plantar og snodige dyr. Mykje å ta tak i for små, fantasifulle forskarar. Og berre så det er sagt – Vossatassar kleda er kalla opp etter venene våre i Landet mellom natt og dag – Ikkje omvendt.

Merkevaren Vossatassar er ein del av Active Brands AS som har ei rekkje andre kjende markervarer som Kari Traa, Bula, Åsnes og Bjørn Dæhlie i porteføljen. Konsernet utviklar, produserer, marknadsfører og sel klede og hardvare til sport- og fritidsmarknaden i Norge og øvrige europeiske land.