5 ting Redderik er ekstra redd for
Redderik er den reddaste av vossatassane, og det er slik han har fått det flotte namnet sitt. Men av alle små, store, midt-i-mellom store, usynlege og ikkje-eksisterande ting er det 5 ting som Redderik er ekstra redd for.
5 – Regnvær i sumarferien
Redderik elskar sumarferien. Då kan han løpe rundt i landet mellom natt og dag, klatre i trær, leike med myldringar og ri på raffegøyar. Alt som er kjekt kan gjerast ute på ein flott sumardag i ferien. Men når det reiknar vert Redderik våt, og då luktar han litt som ein vår hund. Det synast ikkje Redderik er så kjekt, for han er fakstisk alergisk mot våte hundar, og då byrjar han å nyse noko veldig.
4 – Tannlegebesøk
Ingen av vossatassane har så mange tenner som Redderik, så når han skal til tannlegen synunast han det tek alt for lang tid. Og slurpe- og borrelydane vert så veldig sterke i dei trompetformade øyrane hans. Så tannlegebesøk er absolutt noko han er redd for.
3 – Jentelus
Jenter er vanskelege å forstå. Dei løper rundt og gir klemmer til folk utan forvarsel. Det skremmer Redderik. Og så luktar dei godt, utan at nokon veit kvifor. Det er også skummelt. Redderikt trur at jentelus er hovudrunnen til at jenter er så jentete.
2 – Mobiltelefonar utan straum
Redderik er veldig glad i å lese om ver og vind på telefonen sin. Han held seg alltid oppdatert på vindretningar og tornado-varsel. I tillegg er han veldig glad i å spele ludo og VossatassarGo på telefonen. Når symbolet for batterikapasitet byrjar å blinke raudt vert Redderik veldig redd.
1 – Å gløyme å ha det kjekt
Å ha det kjekt er det Redderik synast er aller kjekkast av alle kjekke ting. Redderiks støste frykt er at han skal ein dag skal gløyme kor kjekt det er å ha det skikkeleg kjekt, for då kjem han kanskje til å la være å ha det frykteleg kjekt når han kan.