Kle på guiden

Alle Vossatassane har pels!
Det har vel ikkje bornet ditt? Difor har me laga denne guiden om korleis me meiner at ein bør kle på born. Les og la deg inspirere.

Snurr film

Sjå denne korte filmen om korleis ein bør kle seg. På ein morosam og informativ måte tar den for seg dei ulike laga. Kanskje vil du lære noko nytt òg?

Lag på lag

Trelagsprinsippet er retningslinje for korleis ein skal kle borna for den kalde årstida.Tre lag med klede – inste laget, mellomlaget og ytste laget.

Dette sikrar at bornet ditt held seg tørt, varmt og samtidig har moglegheit å enkelt justere mengden klede etter veret.

Bornas blodsirkulasjon i hender og føter er ikkje fullt utvikla. Det betyr at dei får kalde hender og føter mykje fortare enn vaksne. Investèr i ei bra lue med ull i, gode vottar og eit par varme sko i bra kvalitet.

Lag 1

Dette er på mange vis det viktigaste laget. Det spelar ingen rolle kor bra det ytste laget er, dersom ein ikkje tar høgde for eit godt inste lag.

Ein bør velje eit undertøy som inneheld ull.

Ull er naturleg temperaturregulerande. Den absorberer fuktigheit utan at ein kjenner seg våt, og beheld isolasjonsevna så bornet held seg varm.

Hovudet

Ei bra lue er viktig både på hausten og om vinteren. Ei tynnare fleecelue går bra på hausten, men på kalde vinterdagar er det ull som gjeld.

Andre faktorar

  • VIND på 11 m/s gjev for eksempel ein nedkjølingseffekt på –16° C når termometeren viser 0° C
  • Kler ein seg FOR VARMT begynner ein å svette – ein fordamping som kjøler mykje!
  • Fukt er den største faktoren når det gjeld FROSTSKADAR. Det er verre med våte føter ved 0° C enn tørre føter ved -10° C

Lag 2

Mellomlaget er det laget som varierer mest etter kor kaldt det er.

Ein mildare vinterdag med nokre få minusgrader er det nok med ein tynn fleece under ytterplagget. Er det skikkeleg kaldt bør ein ha tjukkare fleece eller ullgenser. Nokre born i høg aktivitet og med eit bra ytterplagg, kan klare seg med eit godt ullundertøy under.

Lag 3

Det ytste laget skal verne bornet mot fukt og vind. Det bør samtidig kunne pusta slik at det slepp ut fukt frå innsida.

Regntøy i PU pustar ikkje, men er likevel ein viktig del av bornas garderobe. Heilt tette regntøy som toler slitasje trengs i barnehagen.

Ved minus fire grader forsvinn 50 prosent av varmen ut av hovudet!

Halsen

Om halsen er utsatt for vind og kulde, vert bornet fort veldig kald. Vel ein fleecehals eller tube som varmar og held bornet komfortabelt.

Hendene

Mange born har lett for å fryse på hendene når det begynner å bli kaldt ute. Dei har dårlegare blodsirkulasjon så vel ein varm og mjuk vott. Ha gjerne eit ekstra par i sekken i tilfelle dei vert våte. Dei minste bør ikkje ha hanskar.

Føtene

Varme og tørre føter er alfa og omega – både for liten og stor. Vossatassar meiner bestemt at borna MÅ ha ullsokkar inst!!