Vossatassane

I Landet mellom natt og dag bur dei seks vossatassane

Rikke, Romle, Redderik, Uffe, Ponk og Smergel

Bli kjent med venane våre

Rikke

Rikke er oransje og har pæreform og gripeøyre. Ho er den einaste i landet som kan høyre graset plystre.

Romle

Romle er ein grøn og gladlynt kar som et alt i frå luftmedaljongar til kanonkular. Han er oppkalla etter sin eigen mage og er som ein levande saccosekk, berre mykje, mykje mindre.

Ponk

Ho er snill som dagen er lang, og dette er jamvel om dagen i Landet mellom natt og dag er mykje, mykje lengre enn dei dagane me er vane med. Ponk er dessutan ein påfallande lat ponkar, kva no det kan tyde. Ho har lett for å hengje seg fast i isen sidan føtene hennar er sugekoppar.

Smergel

Dette er den sintaste og mest utolmodige av tassane. Dei andre er redde for at han skal sprekkje ein dag, for når han blir hissig eller ivrig eser han litt ut, nett som ein ballong.

Redderik

Høgast av dei alle, men også reddast. Han er veldig redd for alle ting som er veldig små, og han er endå reddare for alle ting som er store, men også ganske redd for alle dei tinga som er mellom desse ytterpunkta.

Uffe

Den litt godtruande og dumsnille i flokken. Han har auga på stilk og hjernen på sparebluss. Det hender han ser seg sjølv djupt inn i auga for å prøve å gjette seg til kva han sjølv tenkjer.

Forskarane er ikkje heilt sikre på kva vossatassar er for noko. Er dei ein type virus, intelligente støvpartikklar eller berre spesielt overbevisande fantasifoster? Og kvifor er dei mest berre synlege for ungar?

Det viktigaste er uansett at dei små vossatassane treng glade born, leik og moro i nærleiken for å leve godt og trivast. Dei er skeptiske til vaksne, men kan stundom vise seg for visse foreldre og andre som er litt oppi åra, men berre for dei som ikkje har gløymt eller gøymt barnet i seg.

Bosse

Om ikkje Bosse fanst, skulle heile landet mellom natt og dag vara fullt av søppel og rot. Med sine mange auge, på lange tentaklar, klarar han å sjå den minste bit søppel på ein myldrings avstand og med sine spesielle føter kjenne vibrasjonane i bakken når nokon kastar noko på bakken i landet mellom natt og dag. Bosse er snill men streng og litt vanskeleg å få augekontakt med, då han sjeldan ser rett fram. Ettersom han rydder raskt som ein vind, skjer det  av og til at han tek ei rotfylling for søppel. Men rotfyllingane tek ikkje dette ille opp. Dei berre kryp snillt tilbake under røtene til eit tre og fortsett å gnage.

Raffegøyar

Dei einøygde, høghalsa raffegøyane bur ute på slettene, og har store problem når vinden virvlar sand opp i auget deira. Desse stolte, slanke dyra lever to og to saman heile livet igjennom, nett som svanane. Raffegøyane føder levande egg.

Skramlingane

Det er mykje lyd i dei når dei buldrar og brakar som best dei kan. For det er det dei kan best.

Vissvass von Voss

I Hengehavet lever sjøormen Vissvass von Voss. Han ser ofte ut slik ein sjøorm skal gjere, men når han stikk hovudet over vassflata, får ein seg ei overrasking. For hovudet hans er midt på kroppen, og han har bart og monokkel.

Vissvass er nesten like gamal som øylandet han sym rundt, og han er full av hemmelegheiter. Mange av desse hemmelegheitene hugsar han ikkje sjølv lenger ein gong, for det tar på å vere fleire tusen år gamal.

Rotfyllingane

Rotfyllingane lever rundt trerøtene i skogbotnen. Dei kravlar og kryp mellom røtene. Dei er svært blyge og kan vere vonde å få auge på. Men enda vondare er dei å få på auget. Mange sopplukkarar veit kva me snakkar om. Den tammaste av rotfyllingane heiter Ratatann.

Myldringar

Brått er dei der! Brått er dei borte igjen! Nokre år er det ekstra mange myldringar. Dei trivst i flokk, nett som lemen – berre i mykje betre humør. Ingen myldring har nokon gong sprukke i sinne, men det går rykter om at ein av dei blei så glad at han eksploderte.

Ulrik

Sauen som er med på det meste. Ikkje ein gong kulde, regn eller snø stoppar han. Han er den mest fårete av Vossatassane, og difor trur ein at han er litt dum.

Eigentleg er han smart, god, mjuk og varm, og delar ut klemmar til dei som vil ha og til dei som ikkje vil ha. Ullrikk er ikkje eigentleg tjukk. Han har berre så mykje ull at han ser tjukk ut. Det er det nesten ingen som veit.